Som nyvald kommunestyrerepresentant i Førde, var det med ei viss undring eg las at Høgre, allereie 6 månader etter valet i 2007, opplyste om at reduksjon av eigedomsskatten i Førde ikkje var mogeleg å få til i inneværande periode. Dette til tross for at dette var den store valkampsaka til Høgre, og 862 menneske røysta på Høgre basert på programmet dei gjekk til val på. Seinare har undringa endra seg til ei konstatering av at det ikkje lenger finnst eit tradisjonelt Høgre i Førde, som baserer seg på dei grunnleggande prisippa som ein kjenner partiet at på.
Det var ein fornøgd nyvald varaordførar i Førde, Eva Marie Halvorsen, som konstaterte på periodens første kommunestyremøte at ein no hadde eit borgarleg fleirtal i Førde. Ho hevda då at også Ordførar Nils Gjerland var ein utprega borgarleg politikar. Det borgarlege fleirtalet ho refererte til var SP, H, V, KRF og FrP som hadde inngått ein valteknisk avtale om posisjonar og konstituering etter valet. Kanskje skulle ein tru at det også ville vise at noko borgarleg i den politikken som vart ført i Førde. Men, nei da!
Første prøvelse kom då kommunestyret skulle handsame det første budsjettet sitt. Høgre gjekk inn for rådmannen sitt framlegg, utan å sjå på alternativ for å kutte eigedomskatten. Høgre, med Halvorsen i spissen, gjekk sågar imot eit framlegg frå FrP der ein både kutta eigedomsskatten og innførte fritt skuleval, noko som også var ei stor sak for Høgre i valkampen.
3 månader seinare var Høgre, som vi kjenner det, offisielt død og begravd i Førde. Då gjekk Halvorsen ut med den klare beskjeden at eigedomsskatten ikkje kan reduserast i perioden. Med dette utspelet forkasta ho også store delar av resten av programmet som Høgre gjekk til val på. For å ta berre nokre av “typiske” høgresaker som Halvorsen har stemt imot, eller latt være å fremje til tross for at det sto i valprogrammet deira(dette er berre eit lite utdrag, dei har stort sett ikkje foreslått nok utanom skulenedlegging):
- “Førde Høgre vil at foreldre og elevar skal ha rett til å velje kva skule borna skal gå på. Konkurranse om elevane ser Høgre på som ein føremun og vil vere med på å auke nivået i skulen”. Dette stemte Høgre imot allereie 3 månader etter valet når FrP foreslo det.
- “Førde Høgre vil arbeide for sjølvstyrte skular samt sikre foreldra reell innverknad i skulen”. Dette har Høgre ikkje eingong foreslått.
- “Førde Høgre vil arbeide for at kommunen får ansvar for dei vidaregåande skulane i Førde for å sikre at ungdom i Førde kan ta vidaregåande utdanning på heimstaden”. Dette har Høgre ikkje foreslått
- “Førde Høgre vil sikre tilstrekkelege ressursar innan pleie- og omsorg”. Høgre har stemt imot fleire framlegg frå FrP om å styrkje bemanninga innan pleie- og omsorg.
- “Førde Høgre vil at kommunen skal gje størst mogleg valfridom for eldre i val av heimetenester”. Stemt imot framlegg frå FrP
- “Førde Høgre vil arbeide for å redusere og etterkvart fjerne eigedomsskatten”. Stemt imot fleire framlegg frå FrP.
- “Førde Høgre vil konkurranseutsette eigna kommunale tenester for å betre servicenivået”. Stemt imot fleire framlegg frå FrP.
I tillegg til dette har Høgre vore med på å fatte fleire vedtak som er tydeleg negative for næringslivet i kommunen:
- Innført byggestopp i Storehagen ved å krevje utbyggjarar for fleire 10-talls millionar før dei får byggje.
- Bygging av rådhus som gjer at ein tømmer andre bygg for leigetakarar
- Nei til at private får prosjektere og byggje omsorgsbustader og andre kommunale boligar.
- Reguleringsplanar som går på tvers av eigar sine ynskjer, i direkte konflikt med privat eigedomsrett.
Høgre har desverre blitt ein del av den “politiske massen” i Førde. Ein skal være ganske skarp for å i det heile tatt sjå forskjell på såkalla borgarleg og sosialistisk side i Førde, med nokre få heiderlege unntak. SP og Høgre stemmer stort sett med Venstre og SV, og til ein viss grad KRF. AP og FrP (utruleg nok) fremjer alternative framlegg, og prøver å få ei politisk innflytelse på systemet i Førde. Det er ikkje, og vil nok desverre ikkje, verte ført borgarleg politikk i Førde i denne perioden. Heldigvis er det val at til neste år, og då vert det spennande å sjå kva Høgre sine valkampsaker vert.
Frank Willy Djuvik, gruppeleiar

