I valkampen har dei fleste parti og kandidatar frå Sogn og Fjordane snakka varmt om samferdsle. Den eine etter den andre står fram og proklamerer at anten har dei gitt i massevis til samferdsle, eller så kjem dei til å gjere det. Av enkeltsaker er det Olden-Innvik, Dalsfjordbrua og Kystvegen som står i sentrum. Sjølv så meiner eg at dette er avgjerande viktige prosjekt å diskutere. Vi må diskutere om vi ynskjer å prioritere ei lokal bru til 1 mrd i staden for å ruste opp den vegen yrkessjåførane sjølv kårer til den verste i landet og vegen som kan knytte kysten og sunnfjord samman til eit verkeleg felles bu- og arbeidsområde.

Men sjølv om dette er viktige saker å diskutere, så er det eit prosjekt som politikarane absolutt må fokusere på. Eit prosjekt som er viktigare enn alle dei andre. Og det er hovedpulsåra gjennom fylket vårt: Nemleg E39. Og der har dei fleste kandidatane vore fullstendig taffatte.

I Nasjonal Transportplan ligg det inne ein del midlar til opprusting av E39 gjennom fylket. Men den kanskje viktigaste parsellen, dei som har blitt kalla “Førdepakken” ligg ikkje inne, der ynskjer ein lokale finansieringsløysingar. På godt norsk kallast lokale finansieringsløysingar for “Bompengefinansiering”. Og faktisk trur eg at “Førdepakken” er så viktig for lokalpolitikarane i Sunnfjord at dei faktisk gjer etter for utpressinga frå regjeringa.

Det betyr at innan kort tid kan dei 70.000 innbyggarane som bur mindre enn 1,5 time frå Førde, samt alle andre som vil inn til fylkessenteret belage seg på å betale bompengar for å reise til eller forbi Førde. Og det er heller ikkje småpengar vi snakkar om. Næringslivet i Sunnfjord var ute for berre nokre dagar sidan og advarte mot bompengar, sidan prisen antageleg ville måtte bli “Fjærlandsprisar”. Prisen i Fjærlandsbommen er idag 185 kroner pr passering.

Er det slik at kandidatane frå Sogn og Fjordane ikkje bryr seg om at innbyggjarane i og rundt den største byen i fylket må betale 185 kroner for å gå på arbeid, levere ungar i barnehage, handle middag, få helsetenester osv.? For la oss sjå på kva dei forskjellige kandidatane meiner:

Liv Signe Navarsete (SP), Erling Sande (SP), Ingrid Heggø (AP), Tor Bremer (AP), Heidi Grande Røys (SV): Desse står bak vedtaket i Nasjonal Transportplan, så det er vel ikkje så mykje å lure på kva dei meiner. Dei kan sei kva dei vil, men til sjuande og sist er det dei som er arkitektane bak bomringen.

Trude Brosvik (KrF), Bjørn Lødemel (H): Brosvik og Lødemel seier begge i Firda si utspørjing at dei er for bomringen hvis kommunane vil det. Når vi så veit at kommunane ikkje får vegprosjektet til behandling ein gong, utan å ha med ein bompengesøknad, så er dei i prinsippet for bomringen.

Åge Starheim (FrP): Starheim er den einaste som har sagt klart ifrå om at bomring rundt Førde er uaktuelt. Han og Framstegspartiet vil fullfinansiere “Førdepakken” utan at ein samtidig krev bompengar. Han seier og at E39 må sjåast på som eit prosjekt. Det vil seie at ein startar arbeidet, og gjer seg ikkje før ein har gul stripe på heile vegen.

For folk som er interessert i å fortsatt ha eit vekstsenter i fylket så er det openbart at ein bør stemme Framstegspartiet. Men også FrP må flagge denne saka høgare, for det er den viktigaste samferdslesaka i fylket.

Les meir om E39 og bomringen på heimmesidene våre: www.forde.frp.no

Tips oss hvis dette innlegget er upassende